Mange mennesker sammen på rekker
Foto: HATS
Tips & triks

Audition på vår skolerevy

Det kan kjennest både spennande og veldig skummelt å fare på audition til skulerevyar. Vi vil at det skal være ei spennande, men gøy oppleving! Vurderer du å prøve deg som aktør? Ikkje nøl! Vi vil ha akkurat deg! I denne teksten finn du både informasjon og mine personlege tips som kanskje kan gjere det mindre skummelt å fare på audition.

Audition-prosessen: 

Vanlegvis foregår han over ei helg, to til tre dagar. Auditionen er todelt. Fyrst skal alle varme opp, og delta på improvisasjonsøvingar, og andre teaterleikar saman med både hovudinstruktørane (HI), og dei andre instruktørane. Dette skjer som regel på den fyrste dagen. På slutten av dagen får dei gjerne ei adjektiv-fortelling som dei skal fylle ut, og får informasjon om kva som skal skje neste dag, kor dei blir sendt inn ein og ein til HI-ane, som sit i eit panel. Både før og etter intervjuet skal dei vere saman med dei andre instruktørane, og fortsette med teaterleik, og no noterar instruktørane kven som utmerkar seg, slik at vi som HI kan spørje dei om aktørar vi f.eks er usikker på. Instruktørane kan altså ha ei avgjerande rolle i auditionprosessen, sidan dei får sjå ei annan side av aktørane enn vi gjer i panelet. Instruktørane har altså innverknad, mens HI-ane tar hovudavgjersla. 


Litt om juryen:

Hovudsakleg er det hovudinstruktørane som er i juryen, men det er også andre "vanlege" instruktørar med i prosessen. Forskjellen på ein hovudinstruktør, og en vanleg instruktør er at HI-ane forpliktar seg til å alltid vere tilstede gjennom heile revytida. Det er som regel mellom 2-4 HI-ar, slik at ein er sikker på at det alltid er nokon på revyen, og for å gjere arbeidet lettare, sidan det er mykje meir jobb enn å berre skrive. HI-ar er også honorerte, det er ikkje dei vanlege instruktørane. Ein instruktør kan skrive og instruere stykkjer på revyen. HI-ane har mykje administrativt arbeid i tillegg, som f.eks audition.


Kva skal eg gjere på audition?

Ein får tildelt ein tekst der ein skal fylle ut enkelte ord sjølv, så ynskjer vi å høyre sang/rap, og eit frivillig triks. Ofte spør vi også om det er noko som helst anna dei vil vise oss i tillegg dette. Vi kan også spørje om meire spesifikke ting, f.eks å vere ein person/rolle/improvisere/dialektar etc. Vi plar også å gjere det veldig klart dagen før at det er rom for å gjere noko anna om dei har nokre idear, og om det er noko dei vil vise som vi ikkje spør om, så vil vi veldig gjerne sjå, for det er utruleg viktig at det skal vere rom for kreativitet.


MÅ eg synge?

Det er ingen som kan tvinge nokon, men vi ynskjer det på det sterkeste å få høyre ein liten snutt. GJERNE "Bæ Bæ Lille Lam"!!! Poenget er at vi skal sjå om du tør å trå utfor komfortsona di, og ikkje om du har englestemme. Dette er ikkje Idol! Ofte er det mange aktørar som påstår at dei ikkje kan syngje, men revy-synging handler ikkje om klangen på stemmen, men heller tekstformidling. I tillegg så er det så utruleg viktig for meg at revytida skal vere ein læringsprosess, og derfor vil eg så gjerne at du skal hive deg utpå og syngje litt, for kanskje du til og med lærar noko og blir betre! Men nei, du MÅ ikkje, men vi ynskjer veldig gjerne å høyre på deg! Rap er også hjarteleg velkommen!


Kva ser juryen etter?

I absolutt alle skulerevyane ser vi etter SPELEGLEDE! Det er det absolutt viktigaste. Vi vil ha aktørar som tør å hive seg utpå nye utfordringar, som er engasjert og prioriterer tida på revyen, og nokon som ikkje er redd for å drite seg ut rett og slett. Om du er ein slik aktør, så meistrar du dei fleste rollane som dukker opp i ein revy. I tillegg jobbar vi HI-ar veldig tett på aktørane og blir fort kjent med dei, og gjer vårt beste for å dele ut roller som vi trur aktørane blir å kose seg med. Veldig ofte vil vi la dei tilføye så mykje av seg sjølv som mogleg til karakterane, og vil gje mykje rom til kreativitet og lek. Vi kan til og med finne på å skrive roller basert på komiske trekk vi ser hos aktørane våre. Nokre gonger har vi også mindre auditioner på spesifikke karakterar. 

 

Nokre tips å ta med seg:

  • Prøv å slappe av, og kos deg med prosessen. Det einaste vi vil sjå hos deg, er at du koser deg med denne typen arbeid! 

  • Prøv å seie JA til det meste. Vi spør ikkje om ting for å vere ekkel, men fordi vi trur du har meire å by på!

  • Ver open for det meste, og prøv å ikkje vere redd for å dumme deg ut!

  • Det er SÅ VELDIG lov å starte på nytt om ein er nervøs, vi vil berre at du skal vise deg frå di beste side, og om å starte på nytt kan hjelpe med det, så brukar vi gjerne litt ekstra tid på det!

  • Vi har har jo sjølvsagt forståing for at ein audition kan vere dritskummel, men prøv å vere nervøs utan å begrense deg sjølv!

 

Noko eg IKKJE bør gjere? 

Du bør ikkje vere negativ til sinns. Om du ofte seier nei til å gjere ting eller delta på leik, så får vi ikkje sett nok av deg. I ein revy skal ein spele mange ulike karakterar, og om man seier nei til å si/gjere nokofordi ein f.eks synast det er teit, så er det vanskeleg for oss å tru at du er allsidig, som da gjer det mindre sannsynleg at du blir aktør denne gongen. Det er ingen som synast du er teit osv, i desse leikane er vi alle i same båt, og alle må dumme seg like mykje ut, så ikkje ver redd :)


Hugs: det kjem ein revy også neste år:

Eg har så utruleg mange audition-opplevingar, og eg har fått utallige "nei", men eg skal skryte litt ekstra av revy-audition grunna ein får vise seg frå så mange forskjellige sider, i alt frå impro/sang/kreativitet/tekstformidling. Også er det utruleg GØY! Ein får møte masse jamaldra menneske med same interesser som deg, prøve seg på mange ulike frontar, og man får rett og slett leike seg og flire i to dagar saman med hyggjelege folk! Eg kunne ikkje anbefalt det meire, for auditionen er ei såpass positiv oppleving uansett om du blir aktør eller ei!
 

 

I slutten av prosessen oppfordrar vi også absolutt alle til å prøve igjen neste år om dei ikkje blir tatt ut i år. Vi plar også å seie at det er vanleg at ein ikkje blir aktør det fyrste året ein prøver. 


 
God audition!

Målgruppe
Relatert verktøy

Mal for skolerevy

Manualen er utarbeidet i et samarbeid mellom Norsk Revyfaglig Senter og Grong videregående skole.
Last ned: pdf (799 Kb)
Relatert artikkel

Abonner på vårt nyhetsbrev