Å jakte den gode kjensla
I denne artikkelen vil eg løfte fram dei gode sidene med revy, og diskutere kva samanhengen mellom revy og psykisk helse kan vere.
Revyen si rolle
Kva kan samanhengen mellom revy og psykisk helse vere? Revyen tar tempen på samfunnet, og i revy kan du kødde med alt. Nesten alt. I revy kan ein tulle med, sette ord på og bearbeide ting som skjer i samfunnet. Med alt det elendige vi er vitne til i verda og i nyheitsbildet, så har vi godt av å kunne sette ting på spissen, le i lag, også av vanskeleg tematikk. I revy er det er rom for å ha ein lett inngang til tunge tema. Det er ei befriande kjensle å kunne le av noko som i utgangspunktet er bekmørkt. Samstundes som det raskt kan tas heilt ned og som publikum blir ein dratt inn i ei berg- og dalbane av reaksjoner. Ein blir så overraska, glad, rørt, sint og trist at ein gløymer alt som er rundt. Å gløyme det som er rundt og la seg rive med, er deilig kjensle og kan gi pause frå det som er kjipt. .
I revyen “Buksen går” på Teaterkjelleren blei eg som publikum revet med på ei reise gjennom fleire av mine kjensler. Etter Karl Holte Aarø sin framifrå presentasjon av nummeret og sangen “Hvordan går det med oss”, (tekst og melodi Hanne T. Asheim) om Pride-feiringa og terrorangrepet i 2022, satt eg med ein klump i magen og med tårer i augekroken. Karl fortalte om si oppleving av Pride-feiringa i 2022, og natta der terrorangrepet ramma oss alle. Visa spør korleis det går med oss, etter dette angrepet. Den tek opp haldningar vi har til det skeive miljøet i si heilheit. Avslutningsvis retter teksten fokus på dei delane av vår klode som framleis har forbud og straff. “Hvor var det skuddene traff? Og hvor treffer de nå?” Det er med ein klomp i magen og med tårer i augekroken at vi som publikum blir dratt inn i dette revynummeret, og ein blir nummen i henda av trampeklappinga i etterkant. Det er godt som publikum å bli dratt gjennom heile kjensleregisteret, frå å le til du grin - til å bli rørt så ein grin. Kudos til “Buksen går” på Teaterkjelleren, som visar eit godt døme på korleis ein kan ta opp vanskelege tematikkar i revy - løp og kjøp!
Lett inngang til tunge tema
Gjennom podkasten “Ta vare-med Hannah og Oskar” jobbar vi med å ha ein lett inngang til eit tungt tema. I lag med gode rollemodellar for ungdom og unge vaksne snakkar vi om korleis ein best mogleg tar vare på si psykiske helse. Kvar episode tar utgangspunkt i gjestane sine erfaringar rundt psykisk helse. For oss er normalisering det aller viktigaste vi jobbar med, for sjølv om vi snakkar om seriøse temaer, så skal det vere rom for å tøyse, fjase og kødde. Vi ynskjer å understreke at psykisk helse er noko vi alle har, og at vi har ulike behov når det kjem til korleis vi tek best vare på den. Normalisering av alle type kjensler er viktig, og å kunne gi kvarandre eit språk for å kunne snakke om psykisk helse, og ikkje bare psykisk uhelse. Her er humor eit godt verkemiddel, og ein god måte å nå dei av oss som syns det kan vere vanskeleg å sette ord på eigne kjensler og ting som er vanskeleg.
Eit døme på humor og psykisk helse hand i hand finn vi i Mental Helse Ungdoms YouTube-serie “Føler’n”, med P3 programleder og komikar Karsten Blomvik på besøk. I denne YouTube-serien gamer vi, samtidig som vi pratar om psykisk helse. Dette åpnar opp for ein ærleg samtale, samtidig som vi gjer noko heilt anna. Dette kan samanliknast med å køyre bil og prate om viktige ting til dømes. I episoda med Karsten delar han åpent om erfaringane hans rundt å ha sjølvmordstankar og ikkje ville leve lengre. Den same episoda avsluttast med at Karsten syng “My heart will go on”. Dette er eit bilete på at sjølv kor seriøse tema ein tek opp, så kan ein likevel ha ein lett inngang til det.
Korleis har unge det i dag?
I følgje StatusUng-rapporten (2022) har over 4 av 5 følt seg einsam i løpet av dei 12 siste månedane, og over halvparten av desse har vore ganske mykje/veldig plaga av einsemdkjensle. Vidare funn er at det er kun 1 av 3 unge som er nøgd med seg sjølv og tilfreds med livet sitt. UNG2021-undersøkinga frå Opinion viser at halvparten av dei unge i Noreg held psykisk helse som si viktigaste sak. I undersøkinga har det også blitt sett på kva unge likar best innhaldsmessig i sosiale medier. Når alt kjem til alt, så trumfar humor det meste, både på ekte, og i sosiale medier. Her ligg det ei god moglegheit for å kunne prege den altoppslukande scrollinga, og å legge til rette for at den inneheld godt innhald om viktige tematikkar som psykisk helse, men også om REVY!
Tilhøyrsle
Humor ER eit bra verkemiddel for å avvæpne og avmystifisere ting som kan vere vanskeleg å prate om. For meg koker samanhengen mellom revy og psykisk helse ned til eit ord: TILHØYRSLE.
Psykolog Maria Østhassel skriv i boka Psykt Deg om på kor viktig kjensla av tilhørighet er for ei god psykisk helse. Alt vi vil er å føle tilhøyrslet og aksept. Å føle seg verdifull og som ein del av eit fellesskap. Alt vi vil er å ha folk rundt oss som spelar oss gode, og som vi kan spele gode. Å sette søkelyset mot verdien av fellesskap og tilhøyrsle er kanskje spesielt viktig når tala på einsemd er så høge som dei er no. I tillegg vert den psykiske helsa vår prega av opplevingar av mestring, sjølvkjensla, gode relasjonar og anerkjennelse. ALT DETTE KAN DU FÅ I Å LAGE REVY! Å arbeide saman om noko, vere kreativ, stå på ei scene, spele kvarandre gode osb. Og ikke minst vil eg trekke fram ein av hovudstyrkane til revyen, nemleg verdien av å leike seg, ha det gøy og kunne drite seg ut. Drite seg ut i lag med andre, og drite seg ut åleine. Ein må drite seg meir ut rett og slett. Å tørre å drite seg ut, handlar om å sleppe taket, senke skuldrene og ikkje la “styggen på ryggen” ta overhand. Det trur eg er godt for vår psykiske helse.
I forbindelse med innlegget eg holdt på Revykonferansen i 2022, kontakta eg ein revyskodespelar for å høyre om ho tenkte at revy var godt for vår psykiske helse. Ho er student i Oslo, og svarte følgjande:
- Revy er kjempegodt for den psykiske helsa fordi ein får rom til å leike og tulle, og det er så få arenaer ein kan gjere det på i voksenlivet. Den ukentlige revyøvinga er det viktigaste eg gjer for hovudet mitt, der får eg utløp for all mi rastlausheit, dei kreative ideane og påfunna som ikkje passar inn i det «seriøse» eg driv med elles. Ikkje minst er samhaldet og vennskapa godt for helsa, det å skape noko i lag med ein gjeng og få vise det frem til et publikum er det morsomaste eg nokon gong har gjort. Alle voksne burde leike, det er mitt råd. - Revyskodespelar, student
Denne studenten har verkeleg forstått det folkens. Det handlar om tilhøyrsle. Revy kan forebygge einsemd, og revy kan betre vår psykiske helse. Det handlar om å jakte den gode kjensla. Vi er alle forskjellige, og vi får den gode kjensla i kroppen på forskjellige måtar. Det som fungerer for deg, er ikkje sikkert at fungerer for meg. Det er ikkje sikkert alle menneske i verda har godt av å spele revy - men dei aller fleste må vel ha godt av det eller?
Det er deilig å kjenne på at vi er forskjellige, og det er deilig å jakte den gode kjensla! For meg, så får eg den gode kjensla av å stå på scena, og av å gjere REVY.
Revy si hovudoppgåve er ikkje å forebygge psykisk uhelse, men du får det jammen med på kjøpet likevel!