Folkepedia
Intervju

Digital nasjonalskatt

Folkepedia er ein nettstad som presenterer norsk folkedans og folkemusikk. I korte instruksjonsfilmar, som er gratis og open for alle å bruke, presenterer unge frå heile landet dansar, songleikar og musikk.

Bak Folkepedia står primus motor Haldis Folkedal. Ho har vore tilsett i Noregs Ungdomslag og arbeider no med prosjektet som frilansar. Til dagleg er Folkedal lokførar, men som den første folkedansaren i Noreg med praktisk pedagogisk utdanning frå Kunsthøgskolen i Oslo har ho vore i sporet lenge.

Korleis oppstod idéen om Folkepedia?

Folkepedia

Folkedans for og med barn og unge

Folkepedia er samansett av «folke» som viser til folkedans/folkemusikk, «ped» som viser til pedagogikk, eller «pedia» som viser til Wikipedia. Dette er eit prosjekt for og med barn og unge der Noregs Ungdomslag lagar opplæringsfilmar innanfor folkedans.

Informasjon henta fra Norges ungdomslag.

 

Idéen om Folkepedia oppstod då eg arbeidde som folkedansrådgjevar i Noregs Ungdomslag. Som pedagog sjølv såg eg at det var eit stort behov for gode opplæringsopplegg innanfor folkedans, og at det skulle vera enkelt tilgjengeleg.  

 

Noregs Ungdomslag har drive med opplæring innanfor folkedans i over hundre år, og gjeve ut drøssevis med instruksjonsbøker, i tillegg til opplegg på dvd. No syntest eg at det var på tide at opplegga skulle liggja ute på nett og på den måten vera tilgjengeleg for alle, heile tida.

 

Allereie frå starten var me tydelege på at det var dei unge sjølve som skulle visa og forklara dansane. Me var óg tydelege på at me ville legga pengar i sjølve produksjonen med god kvalitet visuelt og på lyd.

 

Kva er din motivasjon for å gjennomføre dette prosjektet?

 

Den største motivasjonen er at fleire skal dansa folkedans,  meir dans ut til folket! For å få det til så treng ein ufarleggjera dansen og gjera kunnskapen meir tilgjengeleg.


Med Folkepedia ville eg syna at barn og unge i heile landet dansar folkedans, og kva folkedans er for dei. Meininga med filmane er at både dei som underviser, som lærarar og instruktørar, skal kunna bruka filmane i si undervising, men og at barn og unge skal kunna gå inn direkte og læra seg dansane frå filmane sjølve. Draumen er sjølvsagt at Folkepedia skal vera ein inngangsport og start på eit liv med dans.  

 

dame og fjell
Foto: Halldis Folkedal

 

Har de møtt motstand bland folkedansarar og folkemusikarar ved å gjere lokale tradisjonar tilgjengeleg for eit større publikum? 

 

Eg og prosjektet har i sin heilskap fått mange gode tilbakemeldingar, ikkje minst frå lærarar og folkedanspedagogar. Eg opplever at folk vert rørte og stolte. Alt i alt er det mykje godstemning.

 

I den grad me har presentert lokale danseformer, så opplever eg at det har vorte godt motteke.


Me er framleis i utforskingsfasen på korleis me skal presentera dei meir krevjande lokale dansane pedagogisk. Det er jo litt nybrotsarbeid dette, sjølv om det har vorte gjort eit stort innsamlingsarbeid tidlegare og har vorte utvikla mange didaktiske verktøy, er det ingen som har gjort det så filmatisk detaljert som oss før.

 

Samstundes så veit eg at filmane har vekt debatt i nokre forum i miljøet. Kanskje handlar det om kva materiale me vel å presentera, eller korleis me presenterer det. Folkedansmiljøet er på mange måtar framleis delt i to, med to ulike organisasjonar bak seg. Eg tilhøyrer sjølv begge miljøa, og er meir fascinert over at det framleis kan finnast ein del fordomar i miljøet.

 

Desse filmane er utforma som instruksjonsfilmar, der dei unge er læremeistrar. Det som har slått meg, er at dei unge verkar så trygg i rolla som formidlarar. Korleis har de jobba med dei unge i forkant av innspelingane?

Lokalt arbeider ein stort sett med repertoaret før innspelinga. Det vil sei at ein arbeider med dansane, og det er det den lokale instruktøren som gjer. Kva dansar me vel å filma kjem an på kva repertoar den lokale dansegruppa har.

 

Under innspelingshelga skjer mykje spontant. Me veljer ut kven som skal snakka og presentera dansane der og då. Manuset skriv me sjølvsagt på førehand, men ingen av ungane har øvd inn snakking i førekant. Det er risikabelt, men me synest det har funka bra til no. Me er ute etter å ha mest mogleg uformell ramma rundt det, og trur at det spontane i situasjonen gjer at prestasjonspresset vert mindre.

 

gutter på dansegolvet
Foto: Halldis Folkedal


Filmane på Folkepedia er spelt inn i vakker natur og flotte bygningar, men óg på ferjer og flyplassar. Kva er kriteria for å velje stader de skal filme?

Fyrst og fremst er kriteria basert på at me må ha nokon å filma. Det vil seia at me vel lokallaget eller dansegruppa fyrst. Då har me med ein gong funne ei lokal geografisk avgrensing.

 

Med ein gong me har aktørane på plass leiter me etter stader å filma. Me har ikkje budsjett til å reisa til staden på førehand, så me ser oss rundt på verdsveven og får tips lokalt.  

 

Me har ein viss plan før me reiser til plassen, men ofte bestemmer me ikkje plassane før sjølve innspelingsdagen.  

Me må og avgrensa forflyttingar i løpet av dagen sidan me har mykje på programmet på ei innspelingshelg. Av og til er me veldig heldige, som då me skulle filma på ei brygga i Stordal, men i staden fann den gamle, kule notfabrikken vis a vis. Eg har med meg dyktige filmfotografar og det visuelle er veldig viktig for oss.  

 

Korleis arbeider du som koreograf og regissøren saman?

 

Faktisk er det eg som står oppført på regi. Men regiansvaret på filmane er nok utflytande på desse produksjonane sidan eg og filmfotografane arbeider tett. I tillegg kan sjølvsagt klipparen endra regien på filmane.

 

Eg har jo utdanning innanfor dans, men inga utdanning innanfor film. I starten var eg både produsent og hadde ansvar for koreografi/regi, men det vart litt mykje. Me er meg på regi, to på kamera og ein på lyd når me reiser rundt omkring. Eg og hovudperson på kamera, Jørn Nyseth Ranum, planlegg vinklar og opptak på førehand, men det skjer mykje improvisert under innspelinga. Mykje av oppgåva mi under filminga handlar óg om å vera pedagog og ha ansvar for at det er god og trygg stemning. 

 

Å spele inn dans og musikk på video har nokon formelle rammer, mellom anna er det mange medverkande som skal gi sin aksept. Korleis har de løyst de formelle kring bruk av barn og unge i filmane?

FOLKEDANS PÅ SCENE

Landskappleik: Folkedansarar konkurrerer om framføring. Arrangør: FolkOrg.

Bygda dansar: Eit nasjonalt danseprosjekt hovudsakleg retta mot ungdom frå 15 til 19 år. Arrangør: Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Dansekompani: Kartellet og Frikar

Dansekunstnarar: Silje Onstad Hålien, Tuva Færden og Kirsti Bakken Kristiansen

 

Alle som er med på filmane får med seg eit løyveskjema som dei eller foreldra skriv under. Me samlar inn skjema på førehand. På skjemaet  gjev dei løyve til at filmane skal bli publiserte på nett og at me kan bruka foto av dei.

 

Kva slags utfordringar knytt til handtering av åndsverklova har de møtt på i arbeidet med filmane?  

 

Ja, kven eig eigentleg dansen og musikken? Åndverklova gjev opphavspersonen eigarskap til verka sine. Me er kanskje heldige innanfor folkedansen, sidan mesteparten av det me filmar er tradisjonelt stoff.


Det er på mange måtar ikkje verk som har vorte laga. I ein del tilfelle så veit me heller ikkje opphavet til det me filmar, særleg på songleikar. Nokre av filmane baserer seg på øvingar som pedagogar har laga, i dei tilfella spør me pedagogane om løyve. Nokre av dansane finn me i tidlegare utgjeve materiale som Noregs Ungdomslag har eigarskap til.

 

Treng de tillating frå Tono, NCB eller Norwaco for eit slik prosjekt?

 

Før oppstarten av Folkepedia var me på møte med Tono, der me diskuterte korleis me skulle gjennomføra prosjektet. Me har óg sendt inn førespurnad til NCB på dei låtane der me brukar komponert materiale. Me innhentar løyve frå all musikken som er på filmane.

 

 

 

 

Relaterte støtteordninger

Frifond teater

Støtteordning for lokal og frivillig kulturaktivitet i demokratiske barne- og ungdomsorganisasjoner og –grupper; teater, levende rollespill og dans. Frifond teater gir støtte til teater- og danseaktivitet av og med barn og unge opp til 26 år. 

Frister
Løpende
Aldersgruppe
0- 26 år
Søknad
Digital
Relatert organisasjon

Noregs Ungdomslag

Kulturorganisasjon for folkelige kulturtradisjoner. Har medlemslag i heile landet. Mange driv også med teater og dans. Tilbyr instruktøropplæring og gjesteinstruktørar.
Relatert artikkel

Abonner på vårt nyhetsbrev