Mange mennesker på scene i blått lys
Foto: Lars Erik Kolden
Informasjon

Tilskot og kompensasjon

I desse koronatider er det mange som må avlyse og redusere kurs i laga sine. Studieforbundet kultur og tradisjon hjelper til for at det skal bli minst mogleg tap, og mest mogleg opplæring.

Kompensasjon for avlyste eller reduserte kurs

Kursarrangørar som har avlyst eller redusert timetal for kurs i perioden frå og med 5. mars til og med 1. juli 2020 som følge av råd eller pålegg frå myndigheitene i samband med COVID-19, kan søke om kompensasjon for løpande utgifter knytt til planlagte, reduserte eller avlyste kurs.

Ordninga gjeld for kursarrangørar som tilbyr kurs i samsvar med Voksenopplæringsloven. Fristen for søknad er løpande.

Utgifter som kan legges til grunn for slik kompensasjon er til dømes løpande utgifter til kurslokale (for lag som har/leiger faste lokale), straum, faste instruktørutgifter, allereie innkjøpt materiell til planlagde og avlyste kurs. Kompensasjonen kan maksimalt tilsvare det opprinnelig omsøkte kurstilskotet og skal bidra til å dekke allereie påløpte utgifter, ikkje inntektstap aleine. Påløpte utgifter skal dokumenterast.

Kursa det skal søkast kompensasjon i samband med, må ha fått tilsegn om kursstøtte hjå Studieforbundet kultur og tradisjon før 12. mars 2020.

Skjema for å søke om slik kompensasjon, finner du her: https://www.kulturogtradisjon.no/nyheter/180-kompensasjon-for-avlyste-eller-reduserte-kurs

 

Studieforbundet justerer opp tilskotssatsane ut 2020

Studieforbundet ynskjer å stimulere til aktivitet og kompensere meirkostnadar som fylgje av tilrettelegging for smitteomsyn. Siste halvdel av 2020 justerer vi derfor opp timetilskotet. For timar med lærar gjev vi 125 kroner timen, og 50 kroner timen for kurs utan lærar. For læringsverkstader doblar vi gledeleg til 1000 kroner kurset.
Nye satsar gjeld for nye kurs ut 2020, men og for alle innmeldte kurs som er gjennomførte men ikkje er ferdigrapporterte.

 

Kurs og korona

Fram til 31.12.2020 er det nå mogleg å halde godkjente kurs ned til fire timar, og heile eller delar av kurset kan vera digitalt, i samtid. Det betyr at de kan ha kurs på minimum fire timar mot ordinært minimum åtte. Det betyr også at alle kurstimane kan gjennomførast på ei digital plattform (ordinært halvparten av timane). Men det er berre timar der deltakarane og kurslærar er tilstades og kan snakke saman som kan få støtte, altså som eit fysisk kurs, der ein treffest via skjerm.

Hva er kurs?

 

Har du spørsmål, ta kontakt med oss på telefon eller mail:

Seks bunadkledde damer på rekke
Foto: Studieforbundet Kultur og Tradisjon
Studieforbundet kultur og tradisjon
Vågåvegen 35, 2680 Vågå
Telefon: 61 21 77 50
post@kulturogtradisjon.no
Relatert organisasjon

Studieforbundet kultur og tradisjon

For organisasjoner som tilbyr kurs og opplæring innen kultur og tradisjon. Arbeider for flere og bedre kurs, og for tilgjengelig kulturopplæring rundt om i hele Norge

Abonner på vårt nyhetsbrev